Your Company
 
Ola Glomstulen Og reven lå.. O jul med din glede O,when the saints Og vesle lerka
Hem Blokkfløyte Register Sanger A B 1 B 2 D 1 D 2 D3 D4 E F G 1 G 2 H 1 H 2 I J 1 J 2 K L 1 L 2 M 1 M 2 N 1 N 2 O PQ R S 1 S 2 T 1 T 2 U V W Æ Ø Å ÅÅ

Og vesle lerka

 Image0004
 
 
                       Og vesle lerka
 
 Og vesle lerka,ho hev det so
 at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
 så kved ho i med sin gladaste song,
 så trur ho på vår med ein einaste gong.
 "Å hei ! å hi ! å ti-ri-li-ti!
 å ti-ri-li-ti-ri-li-ti !"
 
 Og vesle lerka, ho hev det slik,
 at finn ho ein solstråle, so vert ho rik.
 Då stig ho i høgdi,og trallar i lit
 til sommar på jord, endå snjoen ligg kvit.
 "Å hei ! å hi ! å ti-ri-li-ti!
 å ti-ri-li-ti-ri-li-ti !"
 
 Og lyngtuva det er lerka sitt fat.
 Der set ho seg ned, og so fær ho seg mat.
 Og når ho er mett, ho takkar so glad
 Vårherre for maten med kvitter og kvad.
 "Å hei ! å hi ! å ti-ri-li-ti!
 å ti-ri-li-ti-ri-li-ti !"
 
 Gud signe deg! Du er fuglen min, du!
 Gud signe no deg med di glade tru!
 Og møter eg kulde og snjo på min veg,
 Gud gjev med i sol-tru å kveda med deg:
 "Å hei ! å hi ! å ti-ri-li-ti!
 å ti-ri-li-ti-ri-li-ti !"