Your Company
 
No stend ho steller Nå legger snøen seg Nå kommer våren Når som Noreg
Hem Blokkfløyte Register Sanger A B 1 B 2 D 1 D 2 D3 D4 E F G 1 G 2 H 1 H 2 I J 1 J 2 K L 1 L 2 M 1 M 2 N 1 N 2 O PQ R S 1 S 2 T 1 T 2 U V W Æ Ø Å ÅÅ

No stend ho steller

 Image0016
 
 
                     No stend ho steller i kjøkkekrå
 
 No stend ho steller i kjøkkekrå, ho mor,
 ho er så gammal, ho er så grå, ho mor.
 Å, var eg katten i mjuke skinn,
 som kjæla fær seg som barnet inn
 til ho mor!
 
 Ho gjeng i tun i den stille gard, ho mor,
 med kvike sporv i sitt fotefar, ho mor.
 Å, var en sporven så glad og lett,
 som høpp og dansar og sprett og skvett
 om ho mor!
 
 Ho likar soli på skrukne kinn, ho mor,
 ho likar havgula sval og linn, ho mor.
 Å, var eg havgula frisk og fri,
 eg skulle svala mi heile tid
 om ho mor.
 
 Eg veit så vel kva ho tenkjer på, ho mor,
 når der ved gruva ho mødd må stå, ho mor.
 Så tidt ho gløymer sitt træl og mas
 og stirrer ut gjennom kjøkenglas,
 - gjer ho mor.
 
 Ho gløymer strev og ho gløymer stell, ho mor,
 og stirer opp mot dei ville fjell, ho mor.
 "Kor gjeng det Veslemøy, arme ting,
 som renna må alle berg ikring?"
 - spør ho mor.