Your Company
 
No livnar.. Nisser og.. No ser eg atter
Hem Blokkfløyte Register Sanger A B 1 B 2 D 1 D 2 D3 D4 E F G 1 G 2 H 1 H 2 I J 1 J 2 K L 1 L 2 M 1 M 2 N 1 N 2 O PQ R S 1 S 2 T 1 T 2 U V W Æ Ø Å ÅÅ

No ser eg atter

 
 
 
 Image0018
 
 
 No ser eg atter slike fjell og dalar
 som dei eg i min fyrste ungdom såg,
 og same vind den heite panna svalar,
 og gullet ligg på snø som før det låg.
 Det er eit barnemål som til meg talar
 og gjer meg tankefull,men endå fjåg.
 Med ungdomsminne er den tala blanda,
 det strøymer på meg så eg knapt kan anda.
 
 Ja, livet strøymer på meg, som det strøymde
 når under snø eg såg det grøne strå.
 Eg drøymer no, som før eg alltid drøymde
 når slike fjell eg såg i lufti blå.
 Eg gløymer dagsens strid, som før eg gløymde
 når eg mot kveld av sol ein glimt fekk sjå.
 Eg finner vel eit hus som vil meg hysa,
 når soli heim til natti vil meg lysa.