Your Company
 
Gud sign vår konge Gud signe vårt Gud signe Noregs land Gamle menn
Hem Blokkfløyte Register Sanger A B 1 B 2 D 1 D 2 D3 D4 E F G 1 G 2 H 1 H 2 I J 1 J 2 K L 1 L 2 M 1 M 2 N 1 N 2 O PQ R S 1 S 2 T 1 T 2 U V W Æ Ø Å ÅÅ

Gud signe Noregs land

 Image0010
                              Gud signe Noregs land
 
 Gud signe Noregs land, kvar heim, kvar dal og strand,
 kvar lund og li!
 Han lat det aldri døy, han verje bygd og øy,
 han verje mann og møy
 til ævleg tid.
 
 Me fekk det høgt og fritt, me fekk det vent og vidt
 med hav og fjell.
 Det stend so trygt og godt,det stend so reint og blått,
 rett som eit gudeslott
 med solskinstjeld.
 
 Det er vår elsk på jord, det er vårt beste ord,
 vår trivd og trygd.
 Storfrægdarmenn dei var,som fram til oss det bar,
 det er vår ættargard
 til fridom bygd.
 
 Stort arbeid ned er lagt i landsens fred og makt
 frå tid til tid.
 Det kosta tusen år, i kav frå vår til vår,
 i strid så tung og sår
 før me vart fri.
 
 Her ligg dei grav i grav, frå hei og ned i hav,
 som stridde so.
 Gud sign'kvar ærleg svein som søv der under stein,
 Gud sign' dei kvar og ein,
 der dei er no.
 
 Men landet dei har rudt, det vil me verja trutt
 til siste stund.
 Vår elsk og beste akt, vårt liv og all vår makt
 skal vera Noregs vakt
 til siste stund.
 
 I kjærleik varm og mild me legg vår vilje til,
 då veks det fram.
 Då fær det bløma blidt, då fær det spørjast vidt
 og alltid standa fritt
 for naud og skam.
 
 Her stig det stort og blått vårt fagre heimlands slott
 med tind og tårn.
 Og som der ervdest ned alt fagrar' led og led,
 det byggjast skal i fred
 åt våre born.