Your Company
 
Eg veit ei .. Eg gjette Tulla.. Eg heiter Anne Knutsdotter Eg heiter Håvard Hedde En villand
Hem Blokkfløyte Register Sanger A B 1 B 2 D 1 D 2 D3 D4 E F G 1 G 2 H 1 H 2 I J 1 J 2 K L 1 L 2 M 1 M 2 N 1 N 2 O PQ R S 1 S 2 T 1 T 2 U V W Æ Ø Å ÅÅ

Eg heiter Håvard Hedde

 
 
 Image0019
 
 
 Eg heiter Håvard Hedde, og er så ven ein kar.
 No skal eg bort og gifta meg og rydja meg ei gard.
 Eg bur opp under fjell,
 og gjenta hev eg lova,
 eg svik ho inkje hell.
 
 Eg heiter Håvard Hedde og bur upp under nut,
 no vil eg burt og gifta meg,
 eg vil 'kje ganga gut.
 Eg bur opp under fjell,
 og gjenta hev eg lova,
 eg svik ho inkje hell.
 
 Garden han er liten, men skogen han er god.
 Der heve eg tvo furor,
 og dei skal stå i ro.
 Eg bur opp under fjell,
 og gjenta hev eg lova,
 eg svik ho inkje hell.
 
 Når borni dei vert mange, og skuldi aukar på,
 so høgg en ned den eine,
 den andre ho lyt stå.
 Eg bur opp under fjell,
 og gjenta hev eg lova,
 eg svik ho inkje hell.
 
 Men når me verte gamle og kvar skal hava sitt,
 så høgg en ned den andre,
 og då er skogen kvitt.
 Eg bur opp under fjell,
 og gjenta hev eg lova,
 eg svik ho inkje hell.
 
 Det var no ikkje undrands, at Håvard totte vondt,
 han reiste ifrå Lanjei
 den myrke haustenott.
 Eg bur opp under fjell,
 og gjenta hev eg lova,
 eg svik ho inkje hell.
 
 Han reiste ifrå Lanjei, og då var gjenta fest,
 men det var med ein annan,
 det hev han trega mest.
 Eg bur opp under fjell,
 og gjenta hev eg lova,
 eg svik ho inkje hell.