Your Company
 
Eg veit ei .. Eg gjette Tulla.. Eg heiter Anne Knutsdotter Eg heiter Håvard Hedde En villand
Hem Blokkfløyte Register Sanger A B 1 B 2 D 1 D 2 D3 D4 E F G 1 G 2 H 1 H 2 I J 1 J 2 K L 1 L 2 M 1 M 2 N 1 N 2 O PQ R S 1 S 2 T 1 T 2 U V W Æ Ø Å ÅÅ

Eg heiter Anne Knutsdotter

 
 
 Image0018
 
 Eg heiter Anne Knutsdotter, Kari er mi mor,
 og Truls han er min bror.
 Me bur oppå ein plass der som ingen skulle tru
 at nokon kunne bu.
 Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen,
 Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel!
 
 Ja plassen ligg så høgt, høgt oppe i ei ur
 tett under berge-mur,
 og det er ikkje meir enn at me på simpel vis
 kan fø to kyr og ein gris!
 Og kyrne heitger: Dagros, Fagros, gamle Fagros,
 grisen heiter: Giss, Giss, Giss!
 
 Og heile dalen ser me der oppe fulla godt,
 men allting er så smått,
 for folka dei er slett ikkje større enn som så -
 når dei der nede gå.
 Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen,
 Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel!
 
 Om sommar'n er det moro å gå og plukka bær
 i munn og never-kopp.
 På stove-taket veks det to unge hegge-kjerr,
 som geita eter opp.
 Og geita heiter: Snygga, Stygga, Lurverygga,
 høna heiter: Tipp,Tipp,Tipp.
 
 Og vintern kan jamt ikkje vera oss for god
 med frost og fok og snjo,
 då kan det ofte over dei fjorten dagar gå
 som me ikkje folk får sjå.
 Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen,
 Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel!
 
 Og far min han er kram-kar, han strevar trottig nok
 og fer så vidt omkring,
 ho mor må stella huset, eg spinner på min rokk,
 men han Truls gjer ingen ting.
 Men plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen,
 Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel!