Your Company
 
Alle fugler Anne Knutsdotter Alle hjerter banker At far min kunne gjera
Hem Blokkfløyte Register Sanger A B 1 B 2 D 1 D 2 D3 D4 E F G 1 G 2 H 1 H 2 I J 1 J 2 K L 1 L 2 M 1 M 2 N 1 N 2 O PQ R S 1 S 2 T 1 T 2 U V W Æ Ø Å ÅÅ

At far min kunne gjera

 Image0020
 
 
 
 At far min kunne gjera det gilde han hev gjort,
 og fram i livet bera så mykje gjævt og stort,
 det var frå dag til annan for meg så god ei stø.
 Stor arv det er for mannen av godt folk vera fødd.
 
 Slik kar var aldri funnen så langt som soga veit,
 og ordet flaug frå munnen så godt som sverdet beit.
 Du høyre'n aldri mala i klynk om sine kår:
 Den guten kunne tala med skjemt om sine sår.
 
 Han lærde  franskmann fikta og finna riddarverd
 og engelskmannen dikta og hava sjøen kjær.
 Og fremst han sto i lina, og rett han stelte den.
 Frå Skottland til Messina han skapte styresmenn.
 
 Min store fader døyde, - sjå det me alle må, -
 og arven bort dei øydde, men som eg att kan få.
 Her gjeng eg stundom sliten og leitar etter ord!
 Skal tru eg er så liten for det han var så stor?
 
 Men graset gror på bøen og korn på gammal vis,
 og enno gamle sjøen er like fri for is.
 Vår' fjell er like håge og lufti like blå,
 så enno like fjåge me fram kan stemna på.